07 mai 2007

Jentetur til Ålesund

Ungdomsskulevenninene drog alle kvar frå sin kant; Trondheim, Fusa og Oslo, til dei tilslutt møttest i Ålesund hos doktor Sirigod. Kvikklunsjen var allerede innkjøpt, kveldsmaten på bordet og helga vart fri for rettingar, eksamenslesing og gynekologiske diagnosar. Høgdepunktet var skitur til Molladalsskaret i strålande sol laurdagen, noko som både gav inspirasjon til å vandra meir i fjellet og bli i betre form. Ikkje alltid lett å forstå kvifor ein bur i Oslo...

Gro og eg i flotte Sunnmørsalpane!
Arnhild, Siri og Gro på søndagstur til Sukkertoppen.