Eksamenstid..

Det kjem vel ikkje akkurat som ei bombe, men eksamenslesing og oppgaveskriving er ikkje det som eg trivest best med på denne jord. Nokon som kjenner seg igjen? Det er 15 dagar igjen til eksamen. Ser for meg at eg kjem til å få skrivekrampe etter eit par sider, for det er jo år og dag sidan eg har skrive meir enn ein huskelapp for hand. Men, men alt går. Her kjem ei liste over ting som eg kan gleda meg til når det heile er overstått:
- det er den siste skuleeksamen eg skal ha, ever
- vera sosial igjen
- påskeferie snart
- kjøpa ny mobil (kanskje)
- få orden i kottet vårt (ja eg gler meg faktisk til det)
- slappa av på sofaen med god samvittighet
- vera meir ute
- besøka kokosbollefabrikken sin kafè på Sagene
Jada, elles har eg det ikkje så gale som det høyrest ut altså!
.jpg)

8 Comments:
GRUELEG skjønn teikning!
-Masse lukke te og hei&hå frå Birte og Liven som et sjokoladekake og fortrengjer nært foreståande oppgåveinnleveringar og eksamenar-
Trur du ikkje min gode mann hadde rydda kottet når eg kom heim frå jobb? Så no gledar eg meg heller over det enn å gleda meg til det!
Lykke te Solrun, sko ønska det va meg eg :)
Silje
Hei og hopp! Masse lykke te med eksamener og alt anna=)Eg for min del begynna i praksis i måro i Fyllingsdalen, ellers er det ei stund til eg har eksamen=Ha ein fin sundag!=)Klem Lene Karin
Solan... eg veit du ikkje blir so glad i meg no, men.. tikken.
Den trer ikkje i kraft før itte eksamen..
Heisann! Kossn gjekk da med eksamenen i dag?Deilig å ver ferdig, kan eg tenka meg!=)jaja, ha ei nydelig helg med alt det som inneber!=)Kos Lene Karin
Heilt sant, veldig godt å ha eksamen overstått! No kan våren nytast i lange drag.
Hei
Ka ti komme det et nytt innlegg??
Klem SIlje KOss gikk det på eksamen?
Legg inn en kommentar
<< Home