18 februar 2007

Orkidè og grisetunge



Sjølv om kuttet av øverste orkidèblad nok trekkjer ned, og at skyggen nok er for dominerande, og at blomsten nok hadde gjort seg betre mindre midtstilt så er det etter mi meining eit godt dokumentasjonsbilde på at det i heimen har kome blomar og knoppar på ein lenge livlaus orkideplante. Det er me godt nøgd med!

Eg gjer endeleg etter for presset utanfrå om eit nytt innlegg på bloggen. Har igrunn ikkje tid no heller, jobbar med eit refleksjonsnotat som det hadde vore godt å bli ferdig med, for det er nok av sider som skulle ha blitt lest og pugga før eksamen i mars. Er elles i praksis på føden, og har runda 50 fødslar. Det er slitsomt og krevande, men kjekt. Bilda er tatt på skulen etter nyttår der alle i klassen fekk utdelt kvar si grisetunge som me lærte nye syteknikkar på... Ivar har vore i Sverige i helga saman med ein gjeng fotografar, og det er rapportert god stemning og 8 timars fotoøkter i stusselig ver.

God fastelavenssøndag!

2 Comments:

At 19:44, Anonymous Anonym said...

Hallo i luken, Solrun og Ivar!

Rota meg inn her ein kveld og myste litt på grisetunga og sånn, og jammen fann eg ikkje HEILT VIDUNDERLEGE, draumeaktige, fortryllande, bergtagande, fantastiske "Ivar sine bileter". Måtte rope på Anders og me sat her andektige, mållause og beundra foto etter foto.
Så vakkert!

 
At 10:46, Anonymous Anonym said...

Hei Liven!

Takk for gode ord. Hyggelig å høre at andre liker det man tros alt bruker litt tid på:-)Ivar

 

Legg inn en kommentar

<< Home