20 august 2006

Surprise.... eit nytt innlegg!

Vil koma med ei kort oppsummering av sommarferien. Starta i Jotunheimen med åtte 2000-meter toppar på to dagar, fekk gnagsår og eventyrleg utsikt på kjøpet. Glimrande dagar rett og slett, bror Norvald var med oss ein tur og! Overnatta i telt i Leirdalen. Så bar ferda vidare til Børsa med alt for god mat, avslapping, sol, strand, jordbær, telttur og Trondheimstur. Sa adjø til Bodil som var på farten til Kenya for to år. På veg til Hålandsdalen fekk me med oss overnatting på Krossbu, og topptur til Store Smørstabbtind på Sognefjellet. Nok ein gong heldig med veret! Me tar bølgen. I Hålandsdalen vart det glimrande juving i Grytefossen, nokre fjellturar, dugnad på garden med heile familien, besøk og mykje bading.

Heile ferien vart avslutta i Kroatia, nærare bestemt Dubrovnik. Det var faktisk der me skulle få oppleva mest regn, sjølv om det ikkje var så mykje der heller. Levde gode dagar med bading i klart vatn, snorkling, lesing, guida tur til Montenegro, båttur til øya Lopod og flott tur på muren rundt gamlebyen. Og alle var enige om at det hadde vore ein flott ferie!

No er me tilbake i hovedstaden og godt i gong med narkosar og fødslar. Me har det godt, og etter innkjøp av ny skjenk er ikke plasseringa av bryllupspresangar det store problemet heller :-) Ha ei god veke!

4 Comments:

At 14:03, Blogger Ottar said...

Sannele'kje verst! Kan melda om fantastiske dagar i pappaperm - og oppfordrer alle andre menn til å gjera det same. ...Men der vakna jr...

 
At 02:35, Anonymous Anonym said...

Ferie er en fantastisk bra oppfinnelse! Skjønner dere har hatt det godt på alle vis:-)
Love ag3

 
At 13:42, Anonymous Anonym said...

Eg må sei eg vart øvegøven når da va komt nytt innlegg! So tsjekt! :)
Alt vel i Trondheim by - her e' da sommar,sol og skjeinebrett!

 
At 20:15, Blogger Ottar said...

Kryss i taket! Godt å se at det er liv i leiren! Jobba på jobba på! Det gjør jeg :) I morra begynner tante og onkelungen deres i barnehagen;) utrolig! Hei hei og på snart gledelig blogg-gjensyn!

 

Legg inn en kommentar

<< Home