20 februar 2006

Praksisplass i boks!!

Eg/me kan endelig trekkja letta sukk over at ei nervepirande ventetid er over. Det er ikkje til å leggja skjul på at skuledagen i dag har vore prega av klamme hender og høg puls. I verste fall kunne eg no skrive at eg har fått praksisplass på Lillehammer, Elverum eller Gjøvik, noko som hadde ført med seg økonomiske utfordringar i form av leige av hybel, vekependling og "hvetebrødsdagar" kvar for oss. Sjølv om eg trakk eit dårleg nummer (26 av 31) fekk eg likevel fyrsteynskje mitt,- Akershus universitetssykehus. Sjukehuset ligg i sykkelavstand frå Ivar sin leilighet og er dermed midt i blinken :-) Det er ved dette sjukehuset eg skal ha ulike praksisperiodar i løpet av to år. Fyrste sjukehuspraksis er i mai-juni. Det blir spennande!

5 Comments:

At 11:45, Anonymous Anonym said...

Gratulerer med super praksisplass, tenker du puster letta ut no ja:) Ellers vil eg høgtideleg takka for bryllaupinvitasjon, me gler oss!!

 
At 20:29, Blogger Ottar said...

Jaja... der gikk du glipp av både en nær-marias-oppvekst opplevelse på Gjøvik eller en heidundrande god jordmoropplevelse på Elverum. Kan ikke skjønne at du valgte vekk dette!!! ... JODA - det skjønner jeg så utrolig godt. Gratulerer så masse :) Jeg jubler med deg!

 
At 22:29, Anonymous Anonym said...

Takk, takk!

 
At 12:51, Anonymous Anonym said...

Hei!
i'm in London and Ema and ag3 says hello and congratulation!!!

 
At 19:42, Anonymous Anonym said...

Hipp hipp hipp!
Da va jo retten og sletten glimrande aa hoeyra! Gratulera!!
KWA HERI from Kenya, Nairobi!
Birte

 

Legg inn en kommentar

<< Home