Store ting har skjedd!!

Dei som kjenner Ivar veit at han er eit særdeles utprega A-menneske. Og for dåke som ikkje er så heldige å kjenna han, så er dåke no innvidd i at dette ikkje er ein kar som ranglar lenge om kveldane eller klarar å liggja å dra seg om morgonen. Ivar begynner ofte å gni seg i augo allerede i 21-tida om kvelden og er glad når det er seint nok til at han kan leggja seg. Uansett om han for ein gongs skyld har vore lenge oppe så er det umogleg for han å sova frampå om dåke forstår. Han er våken og oppe på ein blunk og klar for ein ny dag.
Han seier sjølv at det kanskje har skjedd to gonger i livet at han har sove lenger enn klokka 11 på dagen, og begge gongar har skjedd i løpet av dei siste dagane. Den fyrste dagen hadde han faktisk ikkje lagt seg før 01 kvelden før, men normalt ville han likevel ha våkna i 0730 tida, men våkna med forferding (er dette eit ord?) kl 1120. Dagen etter derimot... Ivar vart tipsa av meg, mest for moro skyld igrunn at det kanskje var lurt å setja på vekkerklokka så han ikkje skulle forsova seg til vakt kl 12. I følge Ivar kan han huska vagt at klokka ringte og at han sovna godt igjen. Det neste han registrerer er ein kjent postmann-lyd og innser det er langt på dag. Vaknar med eit rykk, og ser at klokka er 1150, 10minutt til jobben startar! Må faktisk, for fyrste gong i livet ringja og sei at han blir forsinka med 20 minuttar.... Ivar av alle folk på denne jord forsøv seg til jobb kl 12. Me kan ikkje anna enn å le og slå oss på låret :-)
.jpg)

2 Comments:
Sterkt! Hehe. Gode ting, Ivar! Opp på sida og langt forbi... God natt!
Godt å høre at det kommer flere med samme døgnrytme som meg inn i det Midtrødske hjem!! Må bare advare deg, Ivar - denne gjengen har det med å holde det gående langt utover natta. Særlig på julaften.. Men det er utrolig kjekt!
Eirik Arve hilser også til tante og pre-onkel. Han liker også å sove på natta... bank i bordet!
God klem fra Maria
Legg inn en kommentar
<< Home